Buss køyrt av vegen – sjåfør var åleine i køyretøyet

Vegen blir stengd rundt ein halvtime når bussen skal fjernast frå ulukkesstaden.

DEL

Politiet melder om ein buss som har køyrt av vegen på E16 i Lærdal onsdag ettermiddag. Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter. Meldinga kom klokka 15.03.

– Det var berre sjåføren i bussen, ingen passasjerar. Bussen som har køyrt utfor vegen, har vore ein del av eit følgje på fleire bussar. Politiet er på staden, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Bussen var såleis ikkje rutegåande. Sjåføren er, så langt Algrøy kjenner til, ikkje send til sjukehus.

– Det er ein del skader på bussen og materielle skader på privat eigedom, seier Algrøy.

Han seier det er for tidleg å seia noko om årsaka til utforkøyringa, men sjåføren vil bli avhøyrt.

Det er ikkje meldt om trafikale problem på staden.

Vegen blei stengt ein halvtime då bussen blei fjerna frå staden. Ved 17-tida var vegen open att.

VED E16: Bussen skal ha køyrt utfor vegen på E16 i Lærdal.

Artikkeltags