Ein bubil sperra vegen på fylkesveg 55 ved Berge mellom Fortun og Turtagrø søndag.

Vegtrafikksentralen melde i 11-tida søndag at bilbergar var på veg.

Bubilen som sperra skal ha fått trøbbel med clutchen, noko som førte til havari, og dermed sperra han store delar av vegbana.

Etter litt etterrøkjing fann Vegtrafikksentralen ut at vegen vart opna om lag klokka 12, men det har skjedd ein liten glipp som gjer at dei ikkje har fått registrert dette. Dermed har vegmeldinga ikkje blitt oppdatert.

Vegen er altså open for fri ferdsel.