Bubil har køyrd seg fast i sving

DEL

Klokka 14.34 melder Vest politidistrikt at ein bubil har køyrd seg fast i ein sving ved Bjørko på Aurlandsfjellet. Bilen skal truleg ha fått eitt hjul utanfor asfaltkanten.

Det er trafikale problem på staden, mykje trafikk, og ikkje alle er like vande til eldre vestnorske turvegar, opplyser politiet.

Då politiet kom til staden var det ikkje nokon trafikale problem der. Situasjonen har truleg løyst seg sjølv, melder Vest politidistrikt klokka 14.55.

Artikkeltags