Tiltalelista var lang, men han sa seg likevel ikkje straffskuldig i nokon av forholda. Han viste til at han ved alle tilfella hadde vore sterkt påverka av alkohol og ikkje hugsar noko ting.
Han forklarte at han hadde slite med alkoholproblem i mange år, og bruka drikka til «det ikkje var meir igjen». Det gjekk gjerne over fleire dagar i strekk og han då ofte fekk «blackout».
Slik han minnast denne aktuelle tidsperioden var dette tilfellet for samtlege hendingar skildra i tiltalen.
I retten er det derimot ikkje grunn god nok å skulda på fylla, der skal alle dømast ut frå at dei var edru då lovbrota fann stad.
Difor finn retten på bakgrunn av samla bevisførsel følgjande prova utover kvar og ein rimeleg og fornuftig tvil.
Det mest alvorlege tilfellet på lista gjekk føre seg då to ambulansearbeidarar rykte ut på eit «gult» hasteoppdrag for å bistå ein overstadig rusa person inne på eit venterom. Meldinga var at vedkomande var vanskeleg å vekkja og difor hadde bruk for helsehjelp.
Dei prøvde å oppnå kontakt med tiltalte ved å rista i han og ville ha han med på ei båre dei hadde med. Tiltalte var då lite samarbeidsvillig og tildelte den eine ambulansearbeidaren fleire slag.
Ville ikkje samarbeida
Dette var fanga av overvakingskamera og lagt fram som prov i retten. Ambulansearbeidaren skildrar situasjonen og tiltalte si framferd som truande, utan at dei direkte følte seg utrygge.
Retten skriv at tiltalte si handling er utvilsamt vald i lovas rette forstand, og at den skjedde medan det vart ytt medisinsk helsehjelp.
Som følgje av dette trekte ambulansefolka seg ut av situasjonen samstundes som politiet vart tilkalla. To patruljar med til saman fire uniformerte tjenestepersonell kom til Firda Billag kort tid etter. De tok kontakt med tiltalte, som hadde flytta seg frå kiosken til ei benk på utsida av bygget.
Også dei prøvde å få han til å samarbeida, men han var ikkje villig til å svara på kven han var eller nokon andre spørsmål. Han svara heller med ord som «fuck you», «hatar deg» og liknande. Han vart vurder som ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og politiet ville difor ta han med.
Han var heller ikkje interessert i å samarbeida om det, og gjorde seg både vrang og vanskeleg. Difor måtte politiet setja på han handjarn og i den samanheng klarte å treffa politiet med fleire spark.
Dagen etter var mannen på køyret igjen og i same området. Denne gongen vart han pågripen då han urinerte i blomsterbedet utanfor Nrk-bygget. Også denne gongen med like aggressiv framferd mot politiet då han vart teken med for å setjast i drukkenskapsarresten.
Stal kebab og øl
I tillegg til desse hendingane måtte han svara for tjuveri frå ein matbutikk. Der forsvann både kebab og ein sekspakning med øl.
Køyring utan førarkort, med bil utan registrering og forsikring. Blodprøva synte at tiltalte hadde ein promille på over 1,8 då køyringa fann stad.
Samanfatta skulle det utmålast straff for to tilfelle av vald mot politiet, eitt tilfelle av trugsmål mot politiet, eit tilfelle av vald og forulemping av ambulansemedarbeidar, eit tilfelle av promillekøyring med ein uregistrert bil utan forsikring, urinering på offentleg stad, ikkje gjeve opp personalia og oppbevaring av hasj.
Straffa enda på 90 dagar fengsel og 10.000 kroner i bot. Tap av førarkortet vert sett til to år.