Brislingen i Sogn er ikkje i slekt med brislingen i havet: – Veit ikkje kvifor det er mindre av dei i fjordane

DNA-PRØVAR: Havforskarane har analysert DNA-prøver av 2 500 brislingar frå 40 stader i dei nære havområda våre.

DNA-PRØVAR: Havforskarane har analysert DNA-prøver av 2 500 brislingar frå 40 stader i dei nære havområda våre. Foto:

Brislingen er delt inn i nye bestandar.

DEL

Før var brisling delt inn i ulike bestandar i Nordsjøen, Skagerrak - Kattegat med tilhøyrande norske fjordar og Østersjøen.

Det var fram til havforskarar analyserte DNA-prøvar av 2500 brislingar frå 40 stader dei nære havområda våre.

Ikkje utveksling mellom hav og kyst

– Me ser tre heilt distinkte «brislingfamiliar»: Norskekysten, Nordaust-Atlanteren i eitt og Østersjøen, seier havforskar Cecilie Kvamme i ei pressemelding frå Havforskingsinstituttet.

– Det er med andre ord ikkje slik at brisling frå havet kan gje påfyll i norske fjordar.

Ho har jobba saman med María Quintela, Dorte Bekkevold, Richard DM Nash, Eeva Jansson, Anne Grete Sørvik, John B. Taggart, Øystein Skaala, Geir Dahle, og Kevin A. Glover på forskingsartikkelen "Genetic analysis redraws the management boundaries for the European sprat." Evolutionary Applications (2020).

Kvamme trur ikkje avstand er det avgjerande, ettersom prøver frå Lysefjorden skil seg markant frå Nordsjøen «berre» 250 kilometer unna.

Elles var genane slåande like langs den 1500 kilometer lange, norske kystlinja.

– Det kan vera at havbrislingen og kystbrislingen er tilpassa ulike miljø, og difor ikkje har noko med kvarandre å gjera, forklarar ho.

Nye metodar gjev nye bestandar

Det har vore kjent av bestandsinndelinga av brisling ikkje nødvendigvis har stemt heilt overeins med biologien.

– Dei nye DNA-metodane lar oss dela inn bestandane frå blanke ark, seier Kvamme.

Resultata er allereie tatt omsyn til når Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) gir kvoteråd. I den nye inndelinga er Nordsjøen slått i saman med Skagerrak og Kattegat, medan brisling langs Norskekysten er skilt ut.

HER ER PRØVANE TEKNE: Kartet viser kor prøvane er tatt (nummera), og områdeinndelinga ICES har lagt til grunn for siste kvoteråd for brisling.

HER ER PRØVANE TEKNE: Kartet viser kor prøvane er tatt (nummera), og områdeinndelinga ICES har lagt til grunn for siste kvoteråd for brisling. Foto:

Lite brisling i fjordane

I april kom ICES med eit ferskt kvoteråd for brisling i det «nye» området Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Der rår ICES til at det kan fiskast opptil 207.807 tonn i fiskesesongen 2020-2021.

Havforskingsinstituttet melder at det er greie tider for brislingen i havet, men i fjorden er situasjonen ein annan.

Fangstane i norske fjordar var kring 18.000 tonn i 1973, mot 1.315 tonn i 2018.

Vil forska meir på kystbrislingen

– Me veit ikkje fullt ut kva som gjer at det no er mindre brisling i fjordane, så dette lyt me undersøkja vidare. Men ut ifrå dei nye resultata, kan me no sjå på kystbrislingen heilt uavhengig av svingingane til bestandane i havet, seier Kvamme.

For 2019 gav Havforskingsinstituttet kvoteråd for tre norske fjordar basert på toktundersøkingar. Rådet vårt var at det var forsvarleg å fiska opp til 240 tonn i Hardangerfjorden og 80 tinn i Nordfjord. Dei råda i mot fiske i Sognefjorden.

Artikkeltags