Bremsene gjekk seg varme – sjåfør til legesjekk

Det gjekk heitt føre seg ned Sognefjellet i natt.

DEL

Yrkessjåføren måtte til sjekk hjå lege i Luster i natt, etter å ha pusta inn røyk då bremsene på semitralla gjekk seg varme på veg ned Sognefjellet. Den norske sjåføren melde sjølv om opne flammar like før klokka eitt.

- Sjåføren gjorde ein stor innsats og fekk sløkt flammane sjølv, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Sjåføren hadde køyrt frå Austlandet og fekk trøbbel på veg ned til Sogn.

– Ferda enda i Fortun, fortel Hellesund.

Jakt på årsak

Hellesund fortel at vegen var stengt ein periode til bilbergar kom til staden. Han fortel også at det ikkje er mistanke om køyring i rusa tilstand.

– Det vert no jobba med å finna ut kvifor dette hende, om det var brukarfeil eller teknisk feil, seier Hellesund.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken