Breiddeidretten må venta på svar om gjenopning – spøkar for om seriane kan gjennomførast

Av

Regjeringa vil ikkje gjere ei ny vurdering av opning av idretten før tidlegast i midten av september. NFF vil halde møte for å vurdere situasjonen til veka.

DEL

Statsminister Erna Solberg trekte fram nettopp breiddeidretten då ho peika på kva tiltak for å gjenopne samfunnet regjeringa enno ikkje vil ta.

– Det vil bli gjort ei ny vurdering i midten av september, sa helseminister Bent Høie.

Konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund opplyser til NTB at forbundet planlegg eit møte tidleg neste veke. Der skal dei vurdere konsekvensane av det som kom fram på pressekonferansen på fredag.

Breiddeidretten har venta på eit svar om når dei kan komme i gang med seriespel sidan i sommar. Det påverkar fotballdivisjonane frå 2. divisjon og nedover for kvinner og 3. divisjon og nedover for menn.

– Får vi ikkje lov av styresmaktene, og er vi ikkje i gang innan 18. september, må vi dessverre seie at sesongen 2020 går ut, sa leiar Kari Lindevik i Divisjonsforeningen til NTB tidlegare i august.

Norges Fotballforbund har ikkje sett nokon «frist» for når seriane må komme i gang, men vore tydelege på at ei opning seinare enn i starten av september, vil gjere det vanskeleg.

– Når det gjeld dei ligaene som ikkje er i gang, er det, som kjent, utarbeidd alternative konkurransar med ei kortreist puljeinndeling. Om dette lèt seg gjennomføre krev det at styresmaktene opnar for normal trening og kampar første veka av september, har NFF-direktør Nils Fisketjønn sagt til NTB.

– Blir det ikkje opna då, vil turneringane bli suspenderte. Konsekvensen av suspensjon er at vi startar opp igjen i 2021 med same lag som i 2020, la han til.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken