– Innringjar seier det luktar svidd i ei leilegheit, me skal ta oss inn i leilegheita for å undersøkja. Det seier Tore Fanebust ved 110 Vest. Hendinga vart tvitra klokka 16.55.

110 Vest kjenner ikkje til om nokon har kome til skade.

Politiet er like etter klokka 17 på veg til staden. Operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt fortel at det kom meldingar om røyk- og matlukt frå ei leilegheit i Øvre Årdal.

– Eigar av bustaden har vore ute og noko har blitt svidd utan at me kjenner til hendingsgangen. Ingen er kome til skade, seier Hausvik.

Klokka 17.30 har brannvesenet vore på staden.

– Det var brann i ei seng, eigar av leilegheita var ikkje til stades. Me tok oss inn, sløkte og lufta ut der, seier Fanebust ved 110 vest.

Operasjonsleiar Hausvik i politiet seier det ikkje har vore behov for å evakuera folk frå leiligheiter i nærleiken og veit ikkje om det har vore opne flammar.