Klokka 23.32 laurdag vart det meldt om bålbrenning i Undredal i Aurland.

Ifølgje alarmsentralen 110 Vest hadde nokon reagert på bålbrenninga, som føregjekk i utmark.

Vakthavande rykte ut, brannvesenet sløkte bålet og gav turistane beskjed om å ikkje tenna opp att.