Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesen rykte ut etter melding om brann på den vidaregåande skulen

Artikkelen er over 1 år gammel

I morgontimane laurdag gjekk brannalarmen på Årdal vidaregåande skule.

Det viste seg at det var brann i eit elektrisk komponent i ei tavla på verkstadavdelinga.

- Dermed har det vore røykutvikling. Eg skal vera forsiktig med å seia kor mykje røyk som kom, men nok til at brannalarmen gjekk, seier Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal vidaregåande skule.

Raskt kontroll

Brannalarmen gjekk rundt 07.00-tida laurdag morgon.

Øvstetun melder at brannvesen var raskt på staden og at alt er under kontroll.

– Det er kanskje litt sviluft i delar av verkstadavdelinga, men brannutviklinga var raskt under kontroll. No står dørene opne for lufting. Og me har folk på staden sjølv, Øvstetun.

Har fått lufta ut

Driftsleiar ved Årdal vidaregåande skule Torbjørn Haug har i morgontimane vore på skulen. Han seier det var litt røykutvikling i ein underfordelar.

– No er alt i orden. Me har teke straumen frå komponenten, har fått lufta ut og har alt under kontroll.

Kommentarer til denne saken