Brann i vogntog inne i Lærdalstunnelen

Sjåføren greidde sjølv å sløkkja brannen.

DEL

Siste: Vegtrafikksentralen melder klokka 08.45 at tunnelen er opna for trafikk igjen.

Klokka 07.16 onsdag morgon melde brannvesenet om branntilfelle i eit vogntog inne i Lærdalstunnelen på E16.

– Eit vogntog fekk brann i motorrommet, seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

– Sjåføren har sjølv klart å sløkkja brannen. Brannvesenet er på staden for å kjøla ned køyretøyet.

Vogntoget stod i ei lomme om lag to kilometer inne i tunnelen frå Aurland-sida.

Vogtoget er henta ut og føraren blir teken med inn til lennsamnnskontoret for avhøyr. Det er ikkje opplyst om personskader, opplyser politiet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken