Gå til sidens hovedinnhold

Brann i truck

110 Vest melder måndag morgon om brann i ein truck i Øvre Årdal.

Brannvesen er på staden, melder alarmsentralen.

Trucken tok til å brenna inne på området til Hydro Årdal.

– Industribrannvernet vart sendt ut, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik hos 110 Vest.

Han opplyser klokka 08.18 at truckbrannen er sløkt.

– Det var ein kortslutning i denne trucken, og det har dei klart å sløkkja sjølve. Brannvesenet returnerer, og det er ikkje meldt om anna skade, seier Drotningsvik.

Vest politidistrikt melder at ingen er skadde, og det var ikkje fare for spreiing.

Kommentarer til denne saken