Brann i Selje i natt

To personar berga seg ut av eit brennande hus i Selje i natt, melder NRK Sogn og Fjordane.

Publisert 11.11.2019 kl. 06.53. Oppdatert kl. 06.57.

Politiet fekk melding om brannen kl. 23.55.


Huset var overtent då naudetatane kom til.


Brannvesenet driv no med ettersløkking.


- Brannen var sløkt, men har blussa opp att fleire gonger, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NRK.


Les meir om: Nyhende Notis