Brann i kjellar på Hydro Aluminium

DEL

Brannvesenet rykte måndag ettermiddag ut til ein brann ved Hydro Aluminium i Øvre Årdal.

- Det brann i ein kjellar under ein omn, det hadde visst vore lekkasje på noko hydraulikk i kjellaren på Tya støyperi, seier vaktleiar Siv Sørstrand på Alarmsentralen.

Det var ei stund ein god del røyk på staden. Brannvesenet har i 18.20-tida måndag full kontroll på staden.

– Der brenn ikkje no, ingen er skada eller sakna. Ambulansen var på veg, men dei melde å ikkje ha bruk for den, seier Sørstrand.

Artikkeltags