Naudetatane rykkjer fredag kveld ut til Skjolden i Luster kommune, etter melding om brann i ei frittståande campingvogn.
– Me fekk melding klokka 23.01 om at det har vore flammar i ei campingvogn på Havraberg. Det skal no vera sløkt, ifølgje dei på staden, seier vaktkommandør Helge Lund på Alarmsentralen 110 vest klokka 23.17.
– Det er ein person som har fått røyk i seg. Vedkomande får tilsyn av helse på staden.
– Budde det nokon i vogna, eller var i vogna då det byrja å brenna?
– Det veit eg ikkje, seier Lund.
Sogn brann og redning og ambulanse rykte ut frå Gaupne. Årsaka til brannen er ikkje kjend.