Det brenn i ein tomannsbustad i Naustdal i Sunnfjord. Bustaden skal vera i Øvre Grimsethmarka, opplyser Alarmsentralen 110 Vest kring klokka 16:50 onsdag ettermiddag. Brannvesenet er framme på staden, og melder at det brenn i kleidninga på huset. 20 minutt seinare opplyser dei at brannvesenet har kontroll.
Naudetatane har rykka ut, og politiet melder at det ikkje skal vera snakk om personskadar. Brannen er i eit bygg som er under oppføring.