Politiet melder om brann i ein bubil i Frudalstunnelen på Fv. 5. Tunnelen er no stengd.

– Det er ikkje meldt om personskade. Brannvesen har klarert tunnelen. Her står det ein bil og ein bubil i tunnelen, totalt fem personar, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Bergstunnelen i Sogndal er også stengd på grunn av brannen.

– Det har brent i motorrommet på bubilen, og førar har gjort ein god innsats med brannsløkkingsapparatet sjølv, skriv politiet.

Sogn Avis sin reporter på staden kan melda om lange køar.

Klokka 13.57 melder politiet at på grunn av storleiken på bubilen må bilbergar køyra frå Førde.

– Statens vegvesen jobbar med eventuell mellombels løysing for trafikkavvikling gjennom tunnelen inntil bilbergar er på plass.