(Firda)

Programleiar er Einar Lundsør.

– Cupen er vårens vakraste eventyr. Det er norsk fotball på sitt aller beste, og det er tida for dei store augneblikka som aldri blir gløymde, seier han.

Motstandarane har møtt kvarandre fleire gongar i cupen. Sist gong var i 2016 då sogningane vann 1–0. Lundsør håpar på ein spennande kamp og peikar på at Førde har overraska før.

– Eit gulljagande Brann blei sendt heim med halen mellom beina i første runde i 2016, kvifor skal ikkje Sogndal li same skjebne?

– Eg håpar Førde skårar først slik at vi får litt spenning i kampen, seier kameramann Bernt Ove Berntsen.

Studiosendinga startar klokka 18.00.

Desse gjestene kjem:

  • Arild Sandvoll: Frå Vik, busett i Førde. Han er styreleiar i Førde Fotball, men har også ei kort Sogndal-karriere å vise til.
  • Håvard Flo: Tidlegare Sogndal-stjerne og utanlandsproff. No er han ansvarleg for spelarlogistikk og marknad i Sogndal Fotball.
  • Benny Rivedal: Førdianar og tidlegare spelar på både Førde og Sogndal. Han er også kampens kommentator.
  • Svein Inge Bergset: Far til Jacob Bergset, og tidlegare Høyang-spelar.

For å sjå sendinga, må du ha eit +Alt-abonnement.