Bøssebering er avlyst på grunn av korona, blir heildigital

GJEV SEG IKKJE: Victoria Midlang Harbakk (17) og Mari Halset(17) er aksjonssjefar for svartrussen.

GJEV SEG IKKJE: Victoria Midlang Harbakk (17) og Mari Halset(17) er aksjonssjefar for svartrussen. Foto:

I dag skulle innsamlingsdagen vere for sogndalsrussen, men i dag tidleg fekk dei beskjeden om at bøsseberinga vart avlyst nasjonalt grunna koronaviruset.

DEL

Victoria Midlang Harbakk (17) og Mari Halset (17) er aksjonssjefar for svartrussen og har den siste tida samarbeida tett med aksjonssjefane Julia Husum (17) og Ingvil Dybwad Mundhjeld (18) som representerer raudrussen, for å få til ein stor innsamlingsaksjon for Kreftforeningen.

Let seg ikkje stoppa

Dei har vore engasjerte og lagt mykje arbeid i dette så dei vart veldig skuffa då beskjeden kom.

– Samstundes forstår me kvifor bøsseberinga lyt avlysast. Me ynskjer ikkje å bidra til at fleire vert smitta av viruset. Men me let oss ikkje stoppa av at bøsseberinga er avlyst, me vil no gjera det me kan for å samla inn pengar gjennom digital innsamling og vipps, seier dei.

Sjølv om bøsseberinga er avlyst er aksjonen på langt nær over.

Aksjonssjefane har oppfordra medelevar og russ til å dela den digitale innsamlinga på Facebook og andre sosiale medium, elles kan ein også bidra på innsamlinga ved å vippsa pengar til deira lokale Vipps nummer som er 45 10 14.

– Me vil takka alle som allereie har gitt bidrag og seier at me set stor pris på kvart einaste bidrag me får. Sogndalsrussen satsar på ei god innsamling og vil gjera det beste ut av det trass at me ikkje får gå med bøsser, seier dei.

Målet til Sogndalsrussen i år er å samla inn over 150.000 kroner til Krafttak for kreft, ein aksjon for Kreftforeningen.

Vil samla inn 45 millionar

Over 20.000 har meldt seg som bøssebærar i heile Noreg for aksjonen.

For å bidra til å minimera spreiing av koronaviruset og for å beskytta sårbare grupper tok Kreftforeininga avgjerda om å halda tilbake bøssebærarane og å gjera innsamlingsaksjonen heildigital.

– Me vil gjera det me kan for å hindra spreiing av koronaviruset, ikkje minst med tanke på sårbare grupper. Dette er ein del av vårt samfunnsansvar. Difor gjennomfører me ikkje fysiske aksjonar frå dør til dør eller på offentlege stadar, men held fram med full styrke i våre digitale kanalar, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen.

Målet er framleis å samla inn 45 millionar kroner gjennom Krafttak mot kreft.

– Det er stort engasjement for kreftsaka i befolkninga. Me håpar at folk vil visa like stor gjevarglede gjennom Vipps og våre nettsider i staden, seier Ryel.

DIGITAL: Innsamlingsaksjonen blir no heildigital for å hindra spreiing av koronavirus.

DIGITAL: Innsamlingsaksjonen blir no heildigital for å hindra spreiing av koronavirus. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken