– Presentasjonen gjekk veldig bra. Me fekk gode tilbakemeldingar frå juryen som peika på at me har tenkt fram i tid med tanke på utvikling, seier Jan Eik Ibsen.
Regionfinale i Årdal
Saman med Kristian Jan Kjær, Emma Lereng Einan og Lea Jolina Nickel hadde dei laga eit konsept dei kalla for «Superkastematen 1000».
Meir om dette lenger nede i teksten, men først litt om arrangementet i regi av Ungt Entreprenørskap.
– Dette er eit program for alle 6.-klassingar i heile Vestland fylke. Det er 2000 elevar som er med på fylkesbasis, men det er relativt nytt at skulane i Sogn og Fjordane er med, seier Fredrik Jarstadmarken i Ungt Entreprenørskap.
– Denne gongen har skulane i Årdal, Lærdal og Aurland delteke i prosjektet «Smartere Teknologi». Det handlar om å finna kreative og nytenkjande måtar å løysa reelle problem for arbeids- og næringsliv, seier han.
I dette tilfelle har Simas vore oppdragsgjevar for skulane i Sogn.
– Dei har gjeve det same oppdraget til alle skulane som skal løysa oppdraget. Det har dei gjort på ein kreativ og framtidsretta måte med innslag av teknologi og fysiske modellar som er laga av ting som dei har funne eller har på skulane. Eg er superimponert over elevane og kva dei har kome fram til, seier han.
Kreative elevar
Til slutt var det elevane på Tangen skule som gjekk til topps i regionfinalen. Kristian Jan Skjær fortel at dei kalla prosjektet sitt for «Superkastematen 1000».
– Me ville gjera det gøyare for folk å kasta ting og samstundes driva kjeldesortering, seier han.
Emma Lereng Einan legg til at maskina deira fungerer ved att ein kastar søppel og avfall i ei basketkorg. Der blir bosset skanna og sortert på riktig plass.
– Du kan hiva alt frå papp, plast, papir og alt av matavfall opp i basketkorga, seier ho.
– Gøy og moro
Simas-direktør Dagny Ugulsvik Alvik var imponert over alle presentasjonar denne dagen. Ho hadde med seg Jørn Mortensen frå Simas, Stig Laberg frå Sogn Kompetanse og Are Indrelid frå Hydro Årdal i juryen.
– Vinnaren har løfta kjeldesortering til eit nytt nivå. Dei har gjort kjeldesortering til noko som er gøy og moro. Dei har også tenkt gradvis innføring i tida framover. Eg synst dei hadde eit utruleg godt samarbeid, det var tydeleg at dei jobba godt i lag og hadde ein god presentasjon, seier ho.
Før lunsj deltok alle elevar på fagdag. Etter lunsj var det kåring av finalistane og Kahoot for resten.
– Det har vore ein flott dag for alle involverte. På fagdagen rullerte elevane på å besøka ulike stasjonar. Her var det mellom anna kodebowling med Sogn Opplæringskontor, elevane fekk ein omvising på visingssenteret med Årdal Utvikling og Hydro. I tillegg hadde elevar og lærarar frå Årdal vidaregåande skule eit opplegg på øvingsfabrikken, seier Fredrik Jarstadmarken.
Litt spente og nervøse
Ella Heggø, Mathias Sperle Høgheim og Olander Straumsheim Breivik frå Farnes skule kan sjå tilbake på ein kjekk dag i Årdal Teknologipark.
– Me har jobba med prosjektet på skulen. Vår ide er ein pantestasjon der ein kan panta andre ting enn berre tomflasker. Her kan du panta metall, plast, matavfall og få pengar tilbake. Du får ti kroner per kilo, seier Olander.
– Du kan jo bli rik av dette, då?
– Ja, og så har me forskjellige stasjonar der ein kan gje vekk klede som blir sendt til Ukraina for eksempel.
– Korleis har de kome på denne ideen?
– Fordi det er mange som kastar avfallet i feil bos eller alt i same bos. Det handlar om kjeldesortering, seier Ella.
– Korleis gjekk det under presentasjonen?
– Det gjekk bra, men me var litt spente og nervøse.