Regjeringa vedtok derfor å gå vidare i jordbruksforhandlingane med Noregs Bondelag i år. Organisasjonen er no beden om å levere krav til forhandlingane.
NRK melde tidlegare måndag at Bondelaget og Småbrukarlaget stod så langt frå kvarandre i synet på kor mykje bøndene skal krevje og korleis dette skal bereknast, at dei ikkje lenger hadde samtalar med kvarandre.
Dermed er det opp til regjeringa å velje ein av dei som forhandlingsmotpart under jordbruksoppgjeret. Valet fall som venta, på Noregs Bondelag. Eit samla krav til staten skulle vore levert kommande onsdag. Fristen for forhandlingane i jordbruksoppgjeret er 16. mai.
– Situasjonen er ekstraordinær og alvorleg. Det har vore ein krevjande prosess der vi har følgt opp Hovudavtalens føresegner for å finne grunnlag for felles haldning frå jordbrukets side, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland i ei pressemelding.
– Uheldig og krevjande
Det er staten som har ansvar for å bidra til framdrift slik at det er mogleg å leggje fram eit forslag til jordbruksoppgjer for Stortinget innan dei gjeldande fristane for behandling av saker på Stortinget. Ein ny jordbruksavtale må vere på plass 1. juli.
– Det er uheldig og krevjande at organisasjonane til jordbruket ikkje har vorte samde om eit felles krav i år, men no er det heilt nødvendig at vi kjem vidare med forhandlingar. Regjeringa har peika på Noregs Bondelag som er den organisasjonen som har anerkjent føresetnadene for jordbruksoppgjeret, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Ho understrekar at jordbruksforhandlingane er det viktigaste verktøyet for å oppnå jordbrukspolitiske mål i samarbeid med det organiserte jordbruket.
– Vi har derfor lagt stor vekt på å finne ein veg vidare som ikkje undergrev forhandlingssystemet og som gir ei viktig forankring i næringa, seier Borch.
Inntektsvekst
Fylkesleiar Ola Lie Berthling i Småbrukarlaget i Nord-Trøndelag har tidlegare sagt til Klassekampen at bøndene må få ein inntektsauke på 200.000 kroner per årsverk. Han meiner mjølkebøndene skal prioriterast, då mjølkebøndene ifølgje Bondelaget det siste året har hatt større utgifter enn inntekter.
Bøndene ligg an til å få 12.700 kroner meir å rutte med i år, tilsvarande 2,7 prosent, etter å ha hatt ein solid inntektsvekst i fjor. Det viser tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, som dannar grunnlaget for forhandlingane i jordbruksoppgjeret.
Til gjengjeld viser fasiten for fjoråret at den samla inntekta til bonden – vederlag for arbeid og eigenkapital inkludert effekten av jordbruksfrådraget – steig med 14,4 prosent, tilsvarande 58.900 kroner.