Gå til sidens hovedinnhold

Blei stogga i kontroll då fiskeblod rann frå lasta

Vegvesenet fann mykje forskjellig etter nattas kontroll på Håbakken.

Mellom anna rann det fiskeblod frå lasset på eit vogntog. Føraren måtte lasta av delar av lasset før transporten kunne halda fram. Transportfirmaet fekk og åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.

Også tre andre førarar av vogntog fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

Ein førar stogga ikkje for skilta kontroll, og vart meldt til politiet for dette.

Eit vogntog var overlasta på semitralle, og vart i lag køyreforbod. Føraren måtte laste av delar av lasset før transporten kunne halda fram. Firmaet fekk gebyr på 3.800 kroner.

Eit vogntog hadde teknisk overlast på semitralle, og fekk køyreforbod inntil lasset var plassert korrekt. Her mangla originalt vognkort på semitralle, og førar måtte dokumentera råderetten over køyretøyet. Det var ikkje betalt korrekt vektårsavgift, og rapport om dette blir sendt samferdselsmyndigheitene.

Under kontroll av ein utanlandsk trekkbil vart det avdekkja at denne var køyrd ein del utan bruk av sjåførkort i heimlandet. Denne køyringa kunne ikkje knytast til føraren i kontrollen, og det vart difor sendt rapport til heimlandets føretakskontroll.

Ein førar av vogntog synte seg ikkje å nytta bilbelte korrekt. Han vart pålagt gebyr for dette. I tillegg fekk han køyreforbod inntil han hadde fjerna eit blinkande raudt lys framme i frontruta. Lyset var svært sjenerande for sikta under køyring. Kontroll av føraren si køyre- og kviletid avdekkja at føraren fortente ein åtvaring for mindre brot på desse bestemmingane.

Kommentarer til denne saken