Bjørg gler seg over auken i talet på studentar som søkjer seg til Sogndal

SØKJARTAL: Prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, gler seg over gode søkjartal til Høgskulen på Vestlandet.

SØKJARTAL: Prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, gler seg over gode søkjartal til Høgskulen på Vestlandet. Foto:

Stadig fleire søkjer seg til studiar i Sogndal. Det viser ferske søkjartal.

DEL

– Ved HVL ser me ein stor oppgang i søkartal, stikk i strid med forventninga. Også Sogndal har fått ein mogleg «korona-effekt» på årets søkartal, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, i ei pressemelding.

– Me ser at helse- og sosialfag gjer det svært bra i år, dette er populære studium frå før. I Sogndal går både vernepleie, sosialt arbeid og barnevern godt, seier prorektoren.

Sosialt arbeid er det mest populære studiet i Sogndal. Samla sett fekk sosialt arbeid 1000 søkjarar og 116 personar som hadde det som sitt førsteval.

Historie på nett

Det er også andre studietilbod ved campusen som er populære blant søkjarane i år.

Sogndal sitt nye nettbaserte studium i historie har særs gode søkartal. Dette er det første studietilbodet HVL har som berre er på nett. 25 personar har bachelor i historie på nett som sitt førsteval, mens 98 ønsker årsstudium. Totalt fekk årsstudiet, som har 20 studieplassar, 432 søkjarar.

– Dette kan tyda på at mange ønsker å ta nettbasert utdanning, som på eit vis er meir fleksibelt. Kanskje er det ein del lærarstudentar som også vil fordjupa seg i historie. Det er kjekt å sjå at det nye studietilbod slår an, seier Selvik.

Jubel for idrett

Søkartala ved grunnskulelærarutdanninga har gått nedover lenge, både nasjonalt og ved HVL. I Sogndal er det i år åtte prosent fleire førstevalssøkarar til 1.-7.-trinn, men ein større nedgang på 5.-10.-trinn.

– Me skulle gjerne ha sett fleire søkjarar til lærarutdanninga også i år. På den lyse sida har HVL ein mindre nedgang enn det resten av landet har, seier prorektoren.

Idrettsmiljøet i Sogndal har all grunn til å jubla. Friluftsliv har fått mange nye søknadar, mens 69 ønsker å bli personleg trenar som sitt primære studieønske. Alle andre idrettsfag har òg gode resultat i år.

POPULÆR: Studiestaden til Høgskulen på Vestlandet på campusen i Sogndal er populær mellom komande studentar. Stadig fleire søkjer seg hit.

POPULÆR: Studiestaden til Høgskulen på Vestlandet på campusen i Sogndal er populær mellom komande studentar. Stadig fleire søkjer seg hit. Foto:

Suksess for ny mastergrad

Også samfunnsfaga er populære i Sogndal i år. Den nye mastergraden Business, Marketing and Innovation hadde 39 førstevalssøkarar til 20 studieplassar. Bachelorgraden i økonomi og administrasjon har dessutan 18 fleire førstevalssøkarar enn i fjor.

Mastergraden Climate Change Management har tradisjonelt sett hatt gode søkjarar frå utlandet, og dei gode tala held fram:

– Klimatematikk er framleis populært. I år var det 372 førstevalssøkarar til programmet, som utgjer ein vekst på 21 prosent. Dei andre natur- og realfaga i Sogndal held seg stabile, fortel Selvik.

Mogleg koronaeffekt

Campus Sogndal har ein oppgang på 9,4 prosent samanlikna med 2019, og 5,9 prosent fleire førstevalssøkarar. Tala er likevel påverka av at vernepleie deltid er utsett til hausten 2021, og at barnehagelærar deltid ikkje har opptak i år. Begge delar slår negativt ut på den prosentvise endringa. Tar ein desse bort, har Sogndal ein auke på 19 prosent førstevalssøkarar.

Totalt opplever Høgskulen på Vestlandet ein auke i førstevalssøkarar på 8,2 prosent, mens det nasjonalt er ein auke på 8,8 prosent. Aldri før har så mange søkt studium ved HVL.

I utgangspunktet venta høgskulen, som resten av landet, ein nedgang i tal søkjarar, fordi avgangselevane i vidaregåande skule tilhøyrer eit mindre årskull. I staden blei det ein markant vekst.

– Me opplever at koronaviruset har hatt ein positiv effekt på søkartala til alle våre fem studiestadar på Vestlandet. Det er gledeleg at så mange ser moglegheitene i å studera, avsluttar Selvik.

Artikkeltags