(FIRDAPOSTEN:) Tre tilsette ved Forsvarets stasjon på Jan Mayen var på ein treningstur då dei vart treft av eit snøskred, eit stykke unna stasjonen. Skredet skjedde kring klokka 13.50 laurdag. Ein av dei tre klarte å ta seg ut av skredet og tatt seg tilbake til stasjonen.

Personellet på stasjonen sette då i gang ein redningsaksjon og tok seg opp til skredområdet. Der søkte dei gjennom skredet og fanN dei to sakna.

Livreddande førstehjelp vart sett i verk, men liva deira sto ikkje til å redde. Dei vart stadfesta omkomne klokka 19.00 laurdag. Personen som klarte å ta seg ut av skredet, er lettare skada.

Forsvaret skriv i pressemeldinga si at dei har personell på Jan Mayen året rundt, og besetninga vinterstid består av 18 personar. Stasjon Jan Mayen er godt rusta for å løyse oppgåvene i det krevjande klimaet på Jan Mayen, og personellet har både rutinar og utrusting som legg til rette for sikker gjennomføring av oppgåvene dei løyser. Oppdraget på Jan Mayen pregast like fullt av krevjande klimatiske forhold og avstanden til det norske fastlandet.

– No går mine tankar og medkjensle først og fremst til dei pårørande, det tette, vesle fellesskapet på Jan Mayen – men også til vener og kollegaer i Forsvaret. Det smertar når vi treffast av slike tragediar, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen etter å ha mottatt den triste meldinga.

De to omkomne er sivilt tilsette i Forsvaret. Dei pårørande har blitt varsla om det tragiske dødsfallet. Forsvarssjef general Eirik Kristoffersen tok imot meldinga om ulykka med sorg.

– Eg har teke imot den triste bodskapen om at to av våre har mista livet i ei skredulykke på Jan Mayen. Folka våre gjer ein viktig jobb der kvar dag, på norsk territorium, men likevel langt heimanfrå. Mine tankar går til dei pårørande og vener av dei omkomne og til deira næraste kollegaer. Alle vi i Forsvaret tenker på dykk og føler med dykk i denne triste tida, seier Kristoffersen.

Forsvarets operative hovudkvarter har sett eit C-130J Hercules transportfly i beredskap for å kunne støtte stasjonen. To kystvaktfartøy er også omdirigert for å gi helikopterstøtte til stasjon Jan Mayen.

Firdaposten har no fått stadfesta at ein av dei som miste livet i ulykka, er Bjørg Batalden i frå Florø. Vi frigjer namnet i samråd med næraste familie.