– Me sender ein heil generasjon av den oppveksande slekta på denne vegen. To gonger for dagen med skuleruta. Og her er det ikkje snakk om eit punkt som skal rassikrast, men seks kilometer samanhengande rassone, sa Bjarne Engum.
Den 29 år gamle bonden nytta høvet då han fekk snakka til det første opne høyringsmøtet om Regional transportplan i Vestland på Skei måndag. Han bur på Nese, 27 kilometer langs fylkesveg 5600 frå Vik, deriblant dei seks kilometerane med rassone. Han skildrar tunnelen som eit vera eller ikkje vera for bygdelaga i Arnafjorden og Framfjorden.
Planen som skal gjelda fram til 2033 skal vedtakast i Fylkestinget 12. desember, ein dato Engum ser som eit vera eller ikkje vera for bygdelaga.

Bussen kom rett etter raset: – Vanlegvis er den full av ungar
– Ikkje gløym at det er skuleveg
– Dette er avgjerande for framtida til Fjorden. Utan tunnelen vil bygdelaga utarmast. Vegen er tunga på vektskåla for alt for mange som vurderer å busetja seg der, seier Engum.
Skal ha få viljen sin, må Vestland fylkesting overtydast innan 12. desember. Vestland investerer om lag tre milliardar i veg kvart år. Dei mellombelse og grove kostnadsoverslaga seier at tunnelen vil kosta ein milliard, og det bur 150 menneske langs Fjordavegen.
– Du kan ikkje sjå på det slik. Milliarden skal ikkje brukast på eit år. Om vegen blir bygd over fem år blir det 200 millionar i året. Hugs at dette er ein skuleveg, seier Engum.
Skulebussen kom før røyken la seg
Det siste gav han dei mange frammøtte politikarane, påverkarane og administratorane eit kraftig vitnesbyrd om, då han fortalde om skredet i vinter, som isolerte bygda frå omverda i fleire dagar.

Isolerte etter skred: – Me er livredde når ungane reiser til og frå skulen
– Skulebussen kom på eine sida av skredet og ein betongbil på den andre. Før røyken hadde lagt seg. Eg vil gjerne sitera det fylkesordførar Askeland sa då han var der og såg på: Det er bortkasta pengar å driva med så mykje opprydding. For snart rasar det igjen. Det er berre ein tunnel som kan løysa dette, fortalde han.
Mange om pengane
Men Engum sitt vitnesbyrd var berre eitt av fleire denne dagen. Representanten for fylkesveg 615 gjennom Hopssranda hadde problem med å halda tårene tilbake då han fortalde om deira rassikringsbehov, og representantane frå Oldedalen hadde liknande historier og bilete å visa fram.
– Det gode med tanke på ein eventuell tunnel er at Fjordavegen er klassifisert med høg rasfaktor. Men skal me ta alt i Vestland som har frå middels til høg skredfaktor, så kostar det oss 40 milliardar kroner. Det er langt, langt over rammene våre, og difor er den nasjonale rassikringsgruppa vår beste allierte her. Me treng større løyvingar. Det er også eit problem at Fjordavegen aldri vart beslutta i gamle Sogn og Fjordane, sa fylkesordførar Jon Askeland etter møtet.
– Området det er snakk om har rundt 150 innbyggjarar. Korleis spelar det inn når politikarar frå heile Vestland, deriblant Bergen, skal ta stilling til det?
– Me er nøydde til å gjera noko med desse stadene, samstundes er fylkeskommunen også nøydde til å gjera tiltak der det bur meir folk. Det hadde ikkje vore noko problem å finna gode prosjekt til dei tre milliardane våre i Bergen åleine, men hadde me gjort det ville Arnstein Menes fått rett i at Vestland er eit gedigent sentraliseringsprosjekt, så det skjer ikkje, seier Askeland.
– Berre Bergen tenar på dette
Sogndalsordførar Menes var på talarstolen og fronta Fjordavegen som Sogn Regionråd sin høgaste prioritet inn mot Regional transportplan. Han gjekk til åtak på fylkesadministrasjonen sine nye tildelingskriterier, som legg langt større vekt på døgntrafikk enn tidlegare. Fjordavegen kjem langt betre ut etter Statens vegvesen sine kriterier som legg større vekt på rasfare og omkøyringsalternativ.
– Med desse kriteriene undergrev Vestland seg sjølv og flytter pengar til Austlandet. I Vestland er det berre Bergen og omland som har noko å tena på dette, sa Menes frå talarstolen.
Skulle vore nummer ein
Fjordavegen stod som nummer to på lista over rassikringsobjekt i Sogn og Fjordane, og skulle rykka opp som nummer ein i og med at Flovegen i Stryn er i ferd med å bli sikra. Kriteria Menes snakkar om har flytta Fjordavegen heilt ned til 56.-plass på lista over prioriterte prosjekt, medan eitt prosjekt som låg på 425.-plass rykka opp til fjerde.
Partifellen frå Senterpartiet, fylkesordførar Askeland, meiner kriteriene ikkje er noko å bry seg om.
– Nei, det kjem ikkje nye kriterier. Dette er ikkje noko politikarane har bestilt. Dette var administrasjonen som samanstilte den statlege modellen mot årsdøgntrafikk. Det kjem ikkje til å skje at fylkeskommunen brukar alle rassikringsmidlane i Hordaland og ingenting i Sogn og Fjordane, men det vart gjort prioriteringar i Sogn og Fjordane og, og det same må me gjera no.
Han har likevel ingen problem med å stå for utsegna frå steinrøysa i Framfjorden, om at den stadige rasryddinga er bortkasta pengar.
– Håpet for Fjordavegen ligg i at me kan slutta med den bortkasta pengebruken me har der i dag, for det kostar å rydda etter rasa og. Begge deler går av fylkeskommunen sine midlar, seier Askeland.
– Det finst masse vilje i Fjorden
Engum sit like ved og lyttar medan Sogn Avis intervjuar fylkesordføraren. Fråveret av positive signal om Fjordavegen er ikkje oppløftande, men han har på ingen måte gitt opp.
– Eg veit ikkje kor mykje eg skal ta på meg sjølv, og me kan ikkje vera eit hylekor heller. Men det er store næringsinteresser som treng Fjordavegen. Firda settefisk investerer titals millionar på tenne, og transporten til og frå skal gå på vegen. Det er 15.000 gjestedøgn i året langs Fjordavegen, og det tel det og. Dette handlar ikkje om å byggja veg til ei bygd som har gitt opp. Det finst masse vilje, seier Engum.
– Pengane er i systemet. Det er berre eit spørsmål om kva ein vektar.