VERRE ENN HOGGORM: Mannen som vart biten av slange i ein bypark i USA fekk motgift. Rekninga tok forsikringsselskapet. (Foto: arkiv)

Biten av slange, motgifta kosta 1 million

Dei siste vekene har fleire nordmenn på ferie vorte behandla for bit og klor frå dyr, melder If forsikring.

Publisert 19.07.2019 kl. 15.00.

Europeiske Reiseforsikring har fått særleg mange telefonar frå nordmenn i Spania, Sverige og Thailand.

ÅTVARAR: Line Sørbø er sjukepleiar, og jobbar som medisinsk rådgjevar på skadesenteret til Europeiske Reiseforsikring. (Foto: If)

Rotte på restaurant

Ei norsk kvinne sat på ei restaurant i Hellas. Plutseleg kjente ho smerte i foten. Då ho kika under bordet såg ho at ei rotte hadde bete seg fast i stortåa hennar. Kvinna kom seg raskt til ein lokal lege og fekk behandling.


Dette er ein av over 25 dyresakar som skadesenteret til Europeiske Reiseforsikring har fått inn dei siste vekene.

HJELPTE MANNEN MED SLANGEBIT: Sigmund Clementz er informasjonssjef i If og Europeiske Reiseforsikring. (Foto: If)

Hund, katt og ape

Nordmenn har vorte bite av hund i blant anna Spania, Russland, Frankrike, Thailand, Bosnia-Hercegovina og på Sri Lanka.


Det har og vore kattebit på Kuba, og nokon har vorte klorte av katt i Hellas.


I Thailand har ein person vorte biten av ape, og har fått medisinsk behandling og rabiesvaksine.

VER FORSIKTIG: Mange dyrevener får lyst å helsa på lokale dyr når dei er på ferie. Men det kan vera større risiko i utlandet om ein vert møtt med bit eller klor av dyra. (foto: Morguefile)

Rens såret med ein gong

- Ved dyrebit og klor er det viktig å få reinsa såret raskt og koma seg til lege for undersøking og behandling, seier medisinsk rådgjevar og sjukepleiar Line Sørbø i Europeiske Reiseforsikring.


- I land med rabies er det vil det vera viktig å få rabiesvaksine. Ved dyrebit er stivkrampesprøyte og aktuelt, seie ho.


Insektstikk

Kvar sommar får forsikringsselskapet inn telefonar frå fortvilte kundar som har vorte bitne eller klort av alt frå hundar og kattar til slangar og apar.


Allergiske reaksjonar på insektstikk er og ein gjengangar.


Helsepersonell gjev rettleiing om kva dei uheldige bør gjera fram til dei kjem seg til lege.


Skjer og i Noreg

- A bli biten av hund kan skje kvar som helst, og i Noreg. Utfordringa i utlandet kan vera at du er på ein framand stad, og det er vanskelegare å orientera seg om kvar du kan få behandling. Då er det greitt å ringa alarmsentralen til reiseforsikringsselskapet ditt for å få rettleiing om kva du bør gjera fram til du får få legehjelp, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.


Forsikringsselskapa sit på adresseoversikter over kvar det er mogleg å få god medisinsk behandling over heile verda.


- Du bør vera forsiktig i omgang med dyr utanlands. blant anna fordi dei kan bæra på smitte. Og hugs at dyr er dyr, og kan endra åtferd fort, seier Clementz.


Biten av slange i USA

I ein del tilfelle er gode, lokale råd dyre. Det fekk mannen som vart biten av ein sjeldan slange i ein bypark i USA for nokon år sidan erfara. Han vart lagt inn på eit lokalt sjukehus og prisen på motgifta han trengde kom opp i ein million norske kroner.


- Behandling og motgift var dekka på reiseforsikringa, så rekninga såg mannen aldri noko til. Me som selskap klarte å pruta ned fakturaen frå det private sjukehuset med to til tre hundre tusen kroner i ettertids, for me tykte det var i drøyaste laget, seier Clementz.


Les meir om: Nyhende Reiseliv