TIL FUGLESTEG: Billa and the Kid - Gunnar Yttri og Bjørn Rune Nondal spelar på Fuglesteg laurdag. (Pressefoto)

Billa and the Kid spelar på Fuglesteg

Komande laurdag kjem det til å svinga skikkeleg på Fuglesteg.

Publisert 02.08.2019 kl. 18.29.

- Luster Turlag er så heldig at Billa and the Kid - Gunnar Yttri og Bjørn Rune Nondal - med musikalsk forsterking av Inge Ronny Kvåle og Gjest Ingeson Kvåle vil koma og spela i kulturfjøsen i Fuglesteg komande laurdag ettermiddag.


Finn berre fram joggeskoa og ei flaske med vatn og ta bakkane opp, for dette blir garantert moro.


Dei fleste i distriktet har høyrt melodiane «Vikjahuset», «Dine fine blå auge» eller «60-modell, grå Ford Cortina» på radioen. No kan de få høyra dei «live», og truleg vil dei og overraska med nye ord og tonar.


Både før og etter konserten kan de få kjøpa dei etter kvart berømte hedlekakene frå kjøkenet i steinstova, skriv arrangørane og ønskjer alle velkomne til fjells.


Les meir om: Nyhende Kultur Luster