UT MARS: Det er rekna med at sikringsarbeidet ved Finnsåstunnelen varar enno ei tid.

Bilistar må rekna med ventetid

Bilistar i Sogn må rekna med ventetid fleire stader i Sogn i dag på grunn av vegarbeid.

Publisert 01.03.2018 kl. 06.25. Oppdatert kl. 06.36.

På fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen er det framleis sikringsarbeid etter raset som gjekk like over nyåret. Vegen kan bli stengd i periodar på inntil ein halv time mellom klokka 07.00 og 18.30. Det er rekna med at arbeidet held fram til 26. mars.


I dag torsdag er det også vedlikehaldsarbeid på fylkesveg 53, Bermålstunnelen, mellom Årdal og Fodnes. Her kan det bli ei ventetid på 20 minuttar.


Det er også vedlikehaldsarbeid på E16 Gudvangatunnelen og Fretheimstunnelen-Ohnstadtunnelen mellom klokka 20 og 06.00.


På riksveg 13 i Goteviki mellom Vik og Dragsvik er det manuell dirigering på grunn av vegarbeid mellom klokka 06.00 og 23.00.


På riksveg 55 mellom Hella og Leikanger er det også vedlikehaldsarbeid mellom klokka 07.00 og 20.00.


På fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrind er det arbeid frå måndag til og med torsdag. Her er det passering kvar heile time.


 


Kaldt i fjellet

Folk som skal over fjellet, må vera budd på streng kulde. På fylkesveg 53, Årdal-Tyin, var det heile 32 minusgrader klokka 05.30 torsdag morgon. Stor mildare var det heller ikkje på E16 over Filefjell. Her kom temperaturen ned i minus 30 grader.


På riksveg 13 over Vikafjellet var det minus 22 grader, riksveg 13 over Hemsedalsfjellet hadde minus 25 grader og på fylkesveg 50, Aurland-Hol, var det minus 21 grader i morgontimane torsdag.


Kulda i låglandet har også ført til at det går buss for Sognebåten mellom Sogndal og Leikanger på grunn av is i fjorden.