Gå til sidens hovedinnhold

Bilhavari stengjer Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen

E16 er stengt ved Flenjatunnelen i Aurland på grunn av ein bil som har fått motorstopp. Bilbergar er på veg, og det er venta at vegen og tunnelen vil opna att klokka 17.30, melder Vegtrafikksentralen vest.

Det har laga seg kø opp mot Gudvangatunnelen, så difor vert også denne stengd. Bilbergar skal vera på plass i Flenja om lag klokka 17.20.

Oppdatering: Kl. 17.30 kom meldinga om at tunnelane no er opna att.

Kommentarer til denne saken