Gå til sidens hovedinnhold

Bilbrann inne i tunnel i Nordfjord

Eit køyretøy står i brann inne i ein tunnel på rv. 15 i Stryn.

I 14-tida er omfanget av bilbrannen i Oppljostunnelen i Stryn framleis ukjent.

Politiet melder at alle naudetatar er på staden og jobbar med å skaffa oversyn.

Luftambulanse er på staden og redningshelikopter er på veg.

Brannen vart meldt til politiet klokka 13.19.

Kommentarer til denne saken