Bilbrann i Flenjatunnelen

GJEKK VARM: - Det er truleg snakk om ein bil som er blitt overoppheta, rett og slett, seier brannsjef Reinhardt Sørensen. Brannvesenet jobbar med å få kjølt ned bilen og flytta den ut av tunnelen.

GJEKK VARM: - Det er truleg snakk om ein bil som er blitt overoppheta, rett og slett, seier brannsjef Reinhardt Sørensen. Brannvesenet jobbar med å få kjølt ned bilen og flytta den ut av tunnelen. Foto:

DEL

Alle naudetatar rykte ut til Flenjatunnelen i Aurland etter melding om brann i ein bil. Meldinga kom i 15.20-tida tysdag.
Det vart tidleg opplyst om at det var snakk om ein personbil.

Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, opplyser like før klokka 16.00 at det truleg dreier seg om ein bil som er blitt overoppheta.

– Det kan sjå ut som om det er turboen som er gått på han. Det er ikkje noko meir dramatisk enn det, heldigvis. Brannen er sløkt, men det ryk ein del av bilen framleis, seier Sørensen.

Han understrekar at ingen personar er komne til skade og at samtlege er ute av tunnelen.

– No er det berre brannfolk att her som jobbar med å få trilla bilen ut avtunnelen, men me må prøva å få kjølt den ned litt først, seier brannsjefen.

Flenjatunnelen på E16 i Aurland vart stengd, det same vart Gudvangatunnelen og Fretheimtunnelen. Det vil etter kvart bli sett i verk manuell dirigering, opplyser politiet via Twitter.

Klokka 16.07 opplyser politiet at Flenjatunnelen er opna for fri ferdsel, og ber trafikantane vera merksame på bilar frå naudetatane og bilberging på Flåm-sida.

– Bilen er no ute og alle tre tunnelane er opne att, melder Vegtrafikksentralen.

Ifølgje Vegtrafikksentralen var det varmgang i ein clutch som var årsak til hendinga.

MYKJE RØYK: Alle som var i bilen og alle andre som var i tunnelen då det tok til å brenna, kom seg fort ut. Det oppstod ein god del røyk i samband med hendinga.

MYKJE RØYK: Alle som var i bilen og alle andre som var i tunnelen då det tok til å brenna, kom seg fort ut. Det oppstod ein god del røyk i samband med hendinga. Foto:

Artikkeltags