Gå til sidens hovedinnhold

Bilberging stengde to tunnelar

Både Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen var tysdag ettermiddag stengd i over ein time.

Det var Gudvangatunnelen på E16 som vart stend først. Meldinga kom frå vegtrafikksentralen 12:20 tysdag. Ein bil fekk stopp i tunnelen, og venta på berging.

På grunn av stenginga i Gudvangatunnelen, vart også Flenjatunnelen stengd. Slik hindra dei at køen vart ståande i tunnelen.

Vel halv to på ettermiddagen opna tunnelane att for fri ferdsle.

Kommentarer til denne saken