– Me hadde ein bil som velta rundt ei gong eller to ned ein skråning, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Toré Andre Brakstad.
Hendinga skjedde i Balestrand på ein kommunal veg mellom Dragsvik og Balestrand sentrum. Sjåføren melde sjølv inn hendinga til politiet klokka 01.05 natt til måndag.
– Det var ingen skader av noko slag, ingen mistanke om promille og ingen utfordringar med trafikken – sjåføren ordna også opp sjølv med bergingsbil. Så politiet hadde ingen oppfølging på saka, fortel Brakstad.
Elles har det vore ei roleg natt i Sogn.