Vest politidistrikt melder litt etter klokka 15.30 laurdag ettermiddag om eit trafikkuhell i Lærdal. Ein bil har køyrt ut i ein sving ved Ljøsne på E16.

Det er ikkje meldt om personskade, og politiet er på veg.

Vegtrafikksentralen vest melder at det kan verta redusert framkome på staden når politi og bilbergar arbeidar på staden.