Bil stod i flammar i Hodlekve

OVERTENT: Bilen er fullstendig omgitt av flammar og røyk.

OVERTENT: Bilen er fullstendig omgitt av flammar og røyk. Foto:

Bilen byrja å brenna under køyring.

DEL

Klokka 14.19 onsdag fekk politiet melding om ein bilbrann ved Olahagen i Sogndal.

Det brann i ein bensinbil, men det var ikkje fare for spreiing.

Politiet opplyser at det var to personar i bilen då det byrja å brenna, og dei skal ha pusta i seg litt røyk.

Politi og brannvesen rykkjer ut, men ifølgje politiet blir det ikkje sendt ambulansebil no.

Årsaka til brannen er ukjent.

Klokka 15 melder politiet at brannen er sløkt.


Artikkeltags