Vegtrafikksentralen melder om svært glatte forhold på vestsida av Hemsedalsfjellet søndag morgon.

– Me er varsla om at ein bil har sklidd av vegen. Førar hadde køyrt veldig sakte grunna glatt veg, seier John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Han seier det er underkjølt regn som har skapt desse forholda og entreprenør er varsla.

– Køyr forsiktig og bruk vinterdekk om du skal over ein fjellovergang i dag, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen.