Bil og motorsykkel har krasja på Tindevegen

Naudetatane har rykkja ut til ei trafikkulukke på Tindevegen. Politiet melder på Twitter at ein bil og ein motorsykkel har krasja.

DEL

Totalt er det fem personar som er involvert i ulukka. Skadeomfanget er framleis ukjent, men ingen medvitslause og ingen fastklemte.

– Ambulanse har teke med seg MC-førar til legevakt i Lærdal. Dei andre involverte i ulukka hadde flytta seg til ein tryggare stad på eiga hand, så dette blir sett på som ei mindre trafikkulukke, seier Stein Rune Halleraker ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Vegen er open for trafikk.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken