Vest politidistrikt tvitrar at Vegtrafikksentralen har meldt om eit mindre har meldt om eit mindre samanstøyt mellom ein bil og ein lastebil i Gudvangatunnelen ved 16.15-tida tysdag.
Uhellet er ikkje meldt direkte til naudetatane, men politiet skriv at dei er på veg for å undersøkja. Tunnelen er stengd.
– Det har vore eit trafikkuhell med materielle skader, det er inga politisak og ingen er skadde, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.
Vegen opna att like før klokka 16.