Like etter klokka 08 laurdag morgon fekk naudetatane melding om ei trafikkulukke på Sognefjordvegen ved Hermansverk.

– Det er ei singelulukke der ein bil med éin førar har køyrd inn i ein stolpe. Førar var ikkje fastklemd, og framstår ikkje med alvorlege skadar. Bilen står utanfor vegen, og er ikkje til hinder for anna trafikk. Det skal ikkje vera lekkasje på bilen, men det er skadar i front på den, og noko skadar på ein eigedom, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatjana Knappen.

Sidan det ikkje var snakk om personskadar blei det beslutta at politiet var den av naudetatane som skulle rykkja ut.

No er bilbergar på veg.

Køyrde utfor vegen

Det var ikkje det einaste trafikkuhellet i det veka gjekk mot helg.

Klokka 23.22 fredag kveld kom det melding om at ein bil med to personar hadde køyrd i grøfta i 80-sona i nærleiken av Sæle kyrkje i Balestrand.

– Begge kom seg ut av bilen på eiga hand, og såg ut til å koma frå det utan skadar. Det blei gjort avhøyr av dei involverte på staden, og det blei ikkje teke førarkortbeslag, sidan det ikkje var mistanke om ruspåvirkning. Det blir rapportert inn som eit vegtrafikkuhell, seier Knappen.

Klokka 01.14 opna vegen for trafikk att.

Front mot front

Verre gjekk det på riksveg 5 i Eikefjord, der to bilar krasja front mot front 03.13 i natt. Tre personar sat i den eine bilen, og éin i den andre.

– Airbagane blei utløyst, og det blir meldt at alle kom seg raskt ut av bilane og var oppegåande. Dei blei tekne med til sentralsjukehuset i Førde for vidare undersøkingar, seier Knappen.

Bilane fekk store materielle skadar, og måtte tauast vekk. Difor var vegen stengd ei stund, og opna først rundt klokka 06.00.

– Det blei teke rutinemessig utåndingsprøve av førarane, så langt er det ingen mistanke om ruspåvirkning i form av alkohol, seier Knappen.

50 dyr redda ut

Så var det brannen i fjøsen på Gåsemyr på Byrkjelo. Dette skjedde fredag kveld, der det var full fyr i fjøsen på over 2000 kvadrat, med totalt 230 dyr inni.

Seks brannbilar var på staden, det var spreiingsfare til andre bygg på garden, og viltnemnda og veterinær blei tilkalla for å bistå.

I morgontimane laurdag var statusen denne:

– Om lag 50 dyr er berga ut, og fordelt på andre fjøs. Politiet er ferdige så langt, og no driv brannvesenet med etterslokking. Det er førebels for varmt til å gjera fleire undersøkingar på staden, difor vil politiet koma attende seinare laurdag, seier Knappen.