SISTE: Vegtrafikksentralen opplyser klokka 21:50 at det er fri ferdsel på fylkesveg 53.

– Ein bil har køyrt inn i steinar som har rasa ned i vegbana. Ikkje meldt om alvorlege personskadar, skreiv politiet på Twitter klokka 19:41

Dei var då på veg til ulukka.

Tipsarar har opplyst til Sogn Avis at minst to utrykkingskøyretøy køyrte i retning ulukka frå Årdal. I 20-tida opplyste operasjonssentralen at brannvesenet var på staden, medan politiet var like unna.

Det var to personar i bilen som køyrde i raset.

– Det er ikkje meldt personskadar, men ein del materielle skadar. Airbagen er utløyst blant anna, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Vegen mellom Årdalstangen og Naddvik vart stengd på grunn av ulukka.

– Det vil den vera til Vegvesenet har fått rydda og vurdert faren for ytterlegare ras, seier operasjonsleiaren.