Litt før klokka halv eitt natt til fredag fekk politiet melding om ei mindre bilulukke på Hafslo.

– Ein bil var involvert og det var ingen personskade. Bilen har kome litt utanfor vegen eller fått sleng og gått i grøfta. Men førar ordna seg sjølv med bilbergar, så det var ikkje noko me rykte ut på, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore André Brakstad.