(FIRDA:) Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag ettermiddag om ei trafikkulykke på E39 Lavikvegen. Ulykka var meldt klokka 17.44.

Ein bil, der berre førar skal ha vore ombord, har køyrt av vegen og inn i fjellveggen. Førar skal vere bevisst, men utover dette kjenner ikkje politiet skadeomfanget enno.

Naudetatane er sendt til staden.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik ved politiets operasjonssentral fortel at brannmannskap akkurat har komme fram på staden. Desse var sendt frå Vadheim og Sande.

Førar skal ha komme seg ut av bilen og er uskadd.

– Bilen er totalskadd og treng berging, seier Hausvik.

Klokka 18.10 er også politiet på staden.