Bil har gått rundt og ligg på taket

DEL

Politiet melder om ein bil som har gått rundt og ligg på taket i vegbana på fylkesveg 424 på Kaupanger.

Politiet fekk melding som trafikkuhellet klokka 13.06 torsdag, og uhellet har skjedd like ved flyplassen.

Det var berre ein bil involvert i ulukka, og føraren framstår som uskadd.

Vegen er no stengd og bilbergar er på veg.

Artikkeltags