Vegtrafikksentralen melder klokka 13.16 fredag om eit trafikkuhell på riksveg 5 mellom Fjærlandstunnelen og Kjøsnesfjorden.
Ein bil skal liggja på utsida av vegen. Også Alarmsentralen 110 Vest melder om ulukka.
Naudetatane er på veg til staden.
Politiet opplyser på Twitter at bilen truleg har gjort rundvelt og hamna utanfor vegbana. Bilførar var åleine i bilen, og er medviten.
– Bilen har hatt tre rundveltar og ligg no på taket i ein bekk. Føraren får tilsyn av helse i bilen, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge i Alarmsentralen til Firda klokka 13.30.
Merete Skjold var på staden etter å ha køyrt strekninga mellom Førde og Sogndal i dag. Ho fortel at bilen ikkje har blitt berga endå, men vegen vart mellombels opna rundt klokka 14:00.
– Me har køyrt frå Førde til Sogndal, og Kjøsnesfjorden var den staden med mest snø og slaps. Folk må køyra forsiktig, åtvarar ho.
– Var det kø på staden?
– Nei, eg har inntrykk av at det er lite trafikk i dag. God jul til alle, de må ta det med ro, avsluttar Skjold.