Gå til sidens hovedinnhold

Bil hamna på taket

Naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke på fv. 5641 på Veitastrond i Luster.

Ein bil har hamna på taket, og føraren av bilen har kome seg ut, opplyser politiet klokka 19.16 onsdag.

– Bilen skal ha køyrt i fjellveggen, og deretter hamna på taket. Førar var åleine, har kome seg ut, og skal vera forholdsvis uskadd, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Ulukka har skjedd på utsida av Merkaskredtunnelen. Det var ikkje andre køyretøy involvert i ulukka.

– Det er veldig glatt på vegen, det melder både patruljen og brannvesenet, seier Algrøy.

Lege såg til føraren, og bilbergar var på veg.

Kommentarer til denne saken