Gå til sidens hovedinnhold

Bil hamna i steinras

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei som var i bilen har kome seg ut.

Det har gått steinras ved Bakkatunnelen på fylkeveg 5623, som går mellom Bakka og Gudvangen i Aurland kommune. Vest politidistrikt melder klokka 09.12 at ein bil står i raset. Dei som var i bilen har kome seg ut, og er uskadde.

- Det var to personar i bilen, seier Frode Eide ved Alarmsentralen.

Det er ikkje meldt om at fleire bilar er involverte. Raset har gått på sørsida av Bakkatunnelen.

Vegtrafikksentralen opplyser at raset har losna frå høgt oppe i fjellsida, og at det er store steinar som har hamna i vegbana kring 200 meter nord for ferjekaien.

- Me har fått melding om at det er kome ned steinar på storleik med personbilar, seier Eide.

Vegen er stengt, og naudetatar er på veg til rasstaden.


Sogn Avis oppdaterer saka

Kommentarer til denne saken