Vegtrafikksentralen melder klokka 17.34 søndag at ein bil har fått stogg i Kjøsnestunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Skei.

Tunnelen er følgjeleg stengd fram til bilen kjem seg ut eller blir berga.

Det har vore fleire tilfelle av bilar som har fått stogg i tunnelar i Sogn søndag, men Vegtrafikksentralen opplyser at det ikkje er noko spesielt desse stoggane har til felles.

I Kjøsnestunnelen vil ein bilbergar vera på plass kring klokka 17.45 og det er venta opning relativt raskt etter det.