Gå til sidens hovedinnhold

Bil fekk stogg i Gudvangatunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegtrafikksentralen melde at Gudvangatunnelen på E16 i Aurland framleis var stengd laurdag morgon.

Tunnelen skulle vore opna klokka 06 etter nattarbeid.

Årsaka er at ein bil hadde fått stogg inne i tunnelen.

Klokka 08.50 er tunnelen opna for fri ferdsel att, opplyser Vegtrafikksentralen.

Kommentarer til denne saken