Vest politidistrikt tvitrar at ein bil har køyrt på ein stein som var komen ned i Feiosvegen i Vik. Meldinga kom inn klokka 0514 torsdag morgon. Det er ikkje personskadar heiter det vidare i meldinga.

– Bilen er ikkje køyrbar. Det har vore open veg, så noko trafikk har vorte slusa forbi med manuell dirigering. No er entreprenør på plass og vurderer om vegen må stengjast på grunn av fare for meir stein, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen.

– Kor stor var steinen?

– Det er snakk om ein stein på rundt 30 kilo. Så den er ikkje gedigen, men altså nok til å gjera at bilen ikkje er køyrbar.

Johannessen opplyser vidare at hendinga har skjedd på Vangsnessida av Feiostunnelen.