Ein bil med to personar om bord blei måndag kveld fanga mellom to jordras i Jordalen. (Foto: Arne Veum)

Bil blei fanga mellom to jordras i Jordalen

En bil med to personar om bord blei fanga mellom to jordras.

Publisert 05.08.2019 kl. 20.04. Oppdatert kl. 20.59.

Like før klokka 20.00 måndag kveld melder Vest politidistrikt på Twitter at ein bil er fanga mellom to jordras i Jordalen, men at begge personane har evakuert seg sjølv ut frå rasområdet.


- Me fekk melding om raset klokka 19.00. Ein mann og ei dame sat i ein bil og fortalde at det hadde gått ras både foran og bak. Dei klarte å evakuera seg sjølv ut, og fekk vidare hjelp av nokre naboar eller lokale som kom med traktor og henta dei, seier Helge Blindheim ved Vest politidistrikt.


I tillegg til dei to rasa har det gått eit mindre ras på nordsida av der bilen står, ved Røyrdotten.


- Me har fått opplysningar om at det er fleire personar i nokre hytter lenger framme i dalen, som no er vegfaste på grunn av hendinga, seier Blindheim, og legg til at det ikkje er meldt om nokon sakna personar i området. 


- Me har rykt ut med mykje ressursar med politi, ambulanse og brann, i tillegg er eit helikopter frå Florø på staden, opplyser Blindheim.


So langt er åtte personar flydd ut område, og at det blir jobba med å fly ut endå fleire.


Jordalen er ei bygd i Voss kommune. Den ligg i ein sidedal til Nærøydalen, like ved fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane.


Les meir om: Nyhende Aurland